Yrke og organisasjon

Når nettene blir lange

Dyrisk

I denne spalta skriv veterinær Arve Nilsen om dyreliv og veterinærspørsmål. Denne artikkelen stod i Dag og Tid 24. desember 2020.

Mus og rotter oppsøker menneska fordi dei liker maten vår. (Korn og nøtter er meir populært enn ost.) Men ingen, ingen vil vi dele med, difor har vi utvikla feller og gift.

Foto: Shutterstock

Det er vinter, og mus og rotter trekker inn frå kulda for å finne ly og mat. Slike smågnagarar kan ete opp mat, men verre er skader på isolasjon og inventar, og at avføring og urin frå mus kan innehalde eit virus som hos menneske er årsak til sjukdommen musepest. Difor er det naudsynt å vite korleis vi kan bli kvitt desse skadedyra på eit effektivt og samtidig humant vis.

Eg vaks opp i eit stort tømmerhus, lafta ein gong på 1870-talet. Til vern mot den verste austavinden og for å skjule det stygge tømmeret hadde dei som budde der før oss, kledd innsida av veggar og tak med glatte trefiberplater. Utan isolasjon og med enkle glasruter var det hard vedfyring og gode ullklede som heldt oss varme gjennom vinteren. Musene som fann ly i det lune holrommet mellom tømmerveggen og veggplatene, hadde truleg eit godt liv. Om eg låg på sofaen i veslestova i lag med huskatten og las westernbøker, kunne eg ofte høyre den kjappe krafsinga opp og ned langs dei mest trafikkerte musevegane inne i veggen.

«For dem som liker søtt»

Musefeller drep mus effektivt og humant, men berre om du set dei opp rett.

Foto: Shutterstock

Eg bur enno på garden med det gamle tømmerhuset med dei kjende musevegane frå kjellar til loft. Men som vaksen huseigar er eg nøydd til å ha ei meir aktiv haldning til slik invasjon av skadedyr.

Musegift er det første alternativet. Før kjøpte vi gift av typen kumarin, anten som pulver eller som faste åteblokker. Gifta luktar søtt og godt, men inneheld eit stoff som svekker kroppens evne til å bruke K-vitamin, eit vitamin som er naudsynt for å setje i gang den kaskaden av blodfaktorar som klumpar blodet og lager sårskorper. Dermed vil eit dyr som et kumarin og får i seg gift over fleire dagar, blø i hel. Døden kjem gjerne av blødingar i lungevevet. Men kumarin verkar berre etter fleire doser, rotter er smarte, og dei slutta etter kvart å ete gift i så mange dagar som det var naudsynt for å nå dødeleg dose. Over tid blei resistens mot giftstoffa eit problem både i Europa og i USA.

Éi løysing har vore å ta i bruk «supergift» med ekstra sterk evne til å samla seg opp i levervevet, og som drep dyr etter berre eitt måltid. Men all giftbruken har vore dårleg nytt for dyr som lever av å ete smågnagarar, og faretruande høge nivå av gift er funne i ei rekkje rovfuglar og pattedyr. I norske undersøkingar av ville dyr som er blitt skotne i jakt eller drepne i trafikken, har dei funne ganske høge verdiar i alle dei undersøkte raudrevane, men gift er blitt funne også i mange andre dyr, som jerv, gaupe, ulv og hubro.

«Kulda setter inn»

I Noreg er det sidan 2018 berre spesialfirma som har løyve til å setje ut slik «supergift», og berre i låste åtestasjonar. Stasjonane med gift som du og eg kan kjøpe i butikken, er fylde med eit anna middel: alfakloralose. Musene som et denne gifta, blir bedøvde, kroppstemperaturen søkk og til slutt frys dei i hel. Men no har mange veterinærklinikkar meldt frå om eit aukande problem med alfakloraloseforgifting hos hund og katt. Det er særleg kattane som er råka, både fordi dei et meir mus, og fordi kattane har mindre enzym i levra som kan fjerne stoffa frå blodet. Forgifta mus er sløve og lite merksame på ytre trugsmål, og det gjer dei til eit lett bytte. I ein fersk rapport frå Veterinærinstituttet har dei rekna ut at ein katt lett kan få i seg ein livstruande dose ved å ete to til tre forgifta mus.

”Kva alternativ har vi til musegift som hopar seg opp i næringskjeda eller drep katten på garden?”

«Hvis ingen går i fella»

Med bandtvang for kattar kan det bli slutt på musejakta.

Foto: Shutterstock

Kva alternativ har vi til musegift som hopar seg opp i næringskjeda eller drep katten på garden? Her kjem musefella inn som eit godt alternativ. Og med musefelle tenkjer eg på den gode gamle springfjørmekanismen med peanøtter, bacon eller annan god musemat. (Ost er faktisk ikkje særleg effektivt.) Ei rekkje studiar har vist at fella gjev rask og human avliving, så lenge ho er rett sett opp og plassert slik at musa får hovudet og ikkje andre kroppsdelar først inn i fella. Enkelte feller drep ikkje musa, men fangar henne levande. Musa kan så bli sleppt fri i naturen. Dette er berre tilsynelatande god velferd, fordi skuffande få mus overlever eit slik miljøskifte; dei frys i hel eller blir etne av rovdyr. Bøtter med vatn og andre innretningar for drukning av mus er absolutt ikkje bra, drukning er ikkje rekna som ein human måte å drepe dyr på.

Det mest naturlege alternativet er vel katten, sjølv om det frå musa sin ståstad neppe er det mest humane. Det er rett nok ikkje alle kattar som er aktive jegerar, men høg tettleik av kattar i eit nabolag eller økosystem vil føre til eit kraftig innhogg i bestandar av både fugl og smådyr.

Men dette er ikkje berre av det gode. At din og min pus er kyniske predatorar, og skuldig i drap av fleire millionar uskuldige småfuglar kvart år har i haust fått både dyrevernarar og politikarar til å krevje bandtvang for katter. Om det blir tilfelle kan musene endeleg ta seg ein førjulsfest og danse på bordet utan fare for livet.