Yrke og organisasjon

«Pensjonistene er gull verdt»

«Stadig flere veterinærer er aktive etter pensjonsalderen. De har masse ressurser og kompetanse i tillegg til lang yrkeserfaring og solide sosiale nettverk. Dette er gull verdt for yngre generasjoner av veterinærer. De yngre kan på sin side bidra med nye ideer og impulser overfor eldre kolleger i et interaktivt samspill.»

Karl Lunde

Leder

Styret i DNV-P

Dette skreiv dåverande generalsekretær Hans Petter Bugge i sin leiar i Veterinærtidskriftet 5/2014. Dette er like aktuelt i dag. Den norske veterinærforenings Pensjonistforening (DNV-P) fyller ti år i 2024, i organisasjonssamanheng tek me til å verta vaksne. Heile DNV-systemet, og ikkje minst me sjølve, må vera merksam på den ressursen me utgjer.

Om lag 10 % av medlemsmassen i DNV er pensjonistar. Me har fått vår plass i organisasjonen, både med fast observatør i Sentralstyret og to representantar i representantskapet. Dette gjev oss ei røyst som vert høyrt. I DNV-P finn me mange av dei som har lengst fartstid i organisasjonen vår. Me har ofte historien med oss, noko som kan vera ei god ballast.

Denne posisjonen kan me nytta til å fremja våre saker. Som døme på det kan nemnast vår rettmessige kamp for å få behalda autorisasjonen vår livet ut. I dag misser me autorisasjon når me fyller 75 år. Ein kan rett nok søkja lisens slik at ein kan halda fram med arbeid som veterinær i noko avgrensa omfang. Noreg er einaste landet i Europa der autorisasjonen fell bort ved ein viss alder.

I våre dagar er det mykje snakk om at me må arbeida lengre, det er og stor mangel på veterinær arbeidskraft. Då rimer det dårleg at folk med stor kompetanse og arbeidskraft vert sette på sidelina.

Me har og teke opp den store verdien sosiale møteplasser har. Ein stad der kollegaer på tvers av alder og arbeidsområde kan møtast. Me har derfor fått gjennomslag for at ein kan melda seg på berre den sosiale delen av kurs som vert skipa til av DNV. Dette er nok særleg aktuelt for pensjonistar som ikkje lengre vil delta på kurs, men som gjerne vil møta kollegaer.

Men me skal ikkje berre krevja, me vil gjerne vera med og yta og. Me stiller gjerne opp for yngre kollegaer, fadderordninga for nyutdanna er eit godt døme på slikt. Dette kan vera til glede og nytte både for unge og gamle.

Me er i dialog med Mattilsynet om ei ordning der pensjonerte kollegaer kan stilla opp i vanskelege tider, til dømes ved utbrot av smittsame sjukdomar. Det er ofte ikkje lett for yrkesaktive å reisa frå sitt daglege arbeid for å delta i slikt. Smittefare kan og gjera at ein må vera borte frå arbeid lenge.

Det å laga til sosiale møteplasser for våre medlemmer er noko me har fått fleir spørsmål om. Dette er me i gang med, fyrst ute vert Tromsø. På Veterinærdagane i Bergen i mars 24 vil me prøva leggja til rette for at me kan møtast. Me får vår plass i programmet, i tillegg kan me vera med på den sosiale delen. Møt opp, der kan me treffast.

Det nye styret i DNV-P har no arbeidd i eit halvt år. Me er her for medlemmane, og vil gjerne gjera det me kan for dei. Har du ei sak du vil me skal ta opp, ta kontakt. Det er ingen ting som gler oss meir enn det. Me tåler både ris og ros.

Så vil me takka for året som snart er gått. Me ynskjer alle våre medlemmer ei fredfull jul. Kan me og våga tru på eit fredfullt og godt 2024 både for oss her i landet og for dei som bur i urolegare deler av verda.

Styret i Den norske veterinærforenings Pensjonistforening 2023-2025: F.v.: Svein Bakke (varamedlem), Martin Binde (varamedlem), Gro Voldner Birkeland (styremedlem), Karl Lunde (leder), Lars Omenås (styremedlem), Arne Mjøs (styremedlem).

Foto: Steinar Tessem