Yrke og organisasjon

Klinikk og kapital

I dag har om lag 40 prosent av husstandane i Noreg eitt eller fleire familiedyr.

Dyrisk

Veterinær Arve Nilsen skriv om dyreliv og veterinærspørsmål. Denne artikkelen stod i vekeavisa Dag og Tid 19. mai 2023.

Familiedyr kjem i alle fasongar, frå kanin og smågnagarar til fuglar, ilder, reptil, akvariefisk og minigrisar. Men framleis er det hund og katt som er mest vanleg.

Talet på dyr er tredobla sidan 2006, og særleg under pandemien såg vi at mange familiar skaffa seg nye dyr. Det blir meir vanleg å forsikre familiedyra - til no er 60 prosent av hundane og 8 prosent av kattene forsikra. Fleire dyr og betre forsikringar fører samstundes til fleire og meir kostbare behandlingar.

Framveksten av dyreklinikkar har gitt eit profesjonelt tilbod om helsetenester til familiedyr over heile landet og er i dag ein av dei viktigaste arbeidsplassane for veterinærar i Noreg.

Utviklinga av dyreklinikkane skaut fart på slutten av 1980-talet. Før var det stort sett veterinærar i stordyrpraksis som behandla hundar og katter, men no tek dei fleste med seg dyra sine til ein profesjonell dyreklinikk. I rapporten «Hvor ble det av dyrlegene», som nyleg blei publisert av Den norske veterinærforening (DNV), kjem konsulentfirmaet Agri med ein analyse av utviklinga i veterinærbransjen dei siste 20 åra. Her viser dei til jamn vekst i omsetninga til dyreklinikkane, og til at den norske marknaden har blitt stadig meir dominert av to store utanlandske kjeder, Anicura og Evidensia, pluss den noko mindre norske kjeda Empet AS.

Kjedene sitt inntog har ført til meir spesialiserte smådyrklinikkar, og til saman har dei tre kjedene om lag 100 klinikkar med 580 tilsette veterinærar i Noreg. Dei store kjedene kjem truleg til å ta stadig meir av marknaden i åra som kjem, skal vi tru ein studie frå Noregs handelshøgskule (2016). Spesialiserte lågprisklinikkar er prøvde, ofte kombinert med dyrebutikkar på større handlesenter, men til no har dei ikkje tatt nokon stor del av marknaden.

Dei siste åra har klinikkar blitt kjøpte opp av kjeder, og kjedene har så kjøpt opp kvarandre i så raskt tempo at det er vanskeleg å gje ei god oversikt over kven som eig kva. Anicura starta i Sverige, men er no eid av amerikanske Mars Petcare, eit stort internasjonalt konsern.

Men enno har vi mange frittståande dyreklinikkar. Ein av desse finn vi i Namsos; Namsen Dyrehospital er ein typisk arbeidsstad for fem smådyrpraktiserande veterinærar, fire dyrepleiarar, to resepsjonistar og to reinhaldarar. Til liks med utviklinga i veterinærprofesjonen elles dei siste tiåra er tolv av dei tretten tilsette kvinner. Hospitalet er utstyrt med ultralyd, endoskopi, utstyr for blodanalysar, vanleg røntgen og CT-røntgen, og dei kan utføre eit breitt spekter av undersøkingar og behandlingar. Skilnaden mellom ein dyreklinikk og eit lite lokalsjukehus er påfallande liten.

Ifølge dagleg leiar Rita Finnanger har Namsen Dyrehospital eit stabilt kundegrunnlag der det nok er hundeeigarane som er den største kundegruppa, men det har vore ei tydeleg endring på kattefronten dei siste åra, der stadig fleire eigarar investerer meir i dyra sine, med ID-merking, regelmessig vaksinering og helsesjekk.

Finnanger er samd i at utviklinga har gått i retning av større kjeder og dyrare tenester, men meiner at private veterinære tenester framleis er rimelege, samanlikna med prisane i andre private helsetilbod, og ho har god tru på framtida til dei mellomstore frittståande dyreklinikkane.

Dyreklinikkane skal ikkje berre gje tilbod om gode veterinærtenester til familiedyra, men det er også her eigarar bør kunne få den beste faglege rettleiinga om alt som har med kjøp og hald av dyr. Same kven som eig og står bak drifta av klinikkane er det difor viktig at konkurranse om marknad og kundar ikkje freister til korttenkte faglege eller yrkesetiske snarvegar, det er noko alle vil tape på i lengda.