MINNEORD

Geirmund Vik

Foto: Wenche Offerdal

Det er med sorg vi har motteke bodskapen om at vår kjære kollega Geirmund Vik har gått bort. Dette skjedde etter at han i lengre tid hadde slite med sviktande helse.

Han vart nær 83 år gamal.

Geirmund var født i Kvam herad i Hardanger og viste tidleg å ha gode boklege evner. Etter å ha gått på statsrealskulen i heimkommunen tok han artium ved landsgymnaset på Eidsvoll i 1962. Same året vart han immatrikulert ved NVH.

Geirmund viste heilt frå studiestart stor interesse for hest. Han var ein av fleire studentar som ofte drog til Hans Velund sitt hestesenter på Tåsen for å ri og køyra kanefart.

Han var også ein habil utøvar av friidrett. Interessa for gamaldans og folkeviseleik var noko han hadde med seg frå oppveksten.

Då vi var kandidatar, skreiv vi ein liten epistel om kvarandre i Hippi Tidend.

I utgåve nr. 3 i 1968 står det om Geirmund:

«Etter 6 år på Østlandet, er Geirmund fremdeles en verdig representant for «Hardingene». Dialekten er like uforfalsket og hans meninger er like markante».

Tidligare var Geirmund ein utprega ungkar, men då han stifta familie under studietida lærde vi han å kjenna som ein entusiastisk familiefar. Hans eigen familie vart og knytta nær til miljøet på kullet. Geirmund opplevde også gleda ved at ein frå neste generasjon i familien fører den veterinærmedisinske tradisjonen vidare.

Geirmund var under hele studiet ein talsmann for praksissamarbeid. Etter eit års praksis i Nordhordland vart han utnemnd til distriktsveterinær i Nordreisa i 1969. Han såg straks kva tiltak som var naudsynt for å sikra at Nordlandshest/Lyngshest skulle overleva som eigen rase. Hesten har eit eksteriør som gjer at den eignar seg til ridehest, og størrelsen gjer også at den er velegna som hobbyhest. Eit godt gemytt betyr også mykje.

Geirmund hadde auga for kva for individ som burde føra rasen vidare. Han hadde også ein naturleg autoritet som gjorde at han fekk gjennomslag for sine tankar hjå folk flest. Bak dette låg ein djup kjærleik til norske tradisjonar og kulturarv og til hesten som ein trufast tenar i utvikling av samfunnet.

For sitt livslange arbeid vart Geirmund heidra med fleire utnemningar.

Han fekk minnemedalje frå Det Kongelige Norske Videnskapers Selskap i 2014, og Kongens fortjenestemedalje i 2017. Han var også æresmedlem i Landslaget for nordlandshest/lyngshest.

Geirmund etterlet seg eit stort tomrom, men også eit stort og varig avtrykk.

Vi lyser fred over Geirmunds minne.

På vegne av kull 62
Arne W Holm og Knut Flatlandsmo