Yrke og organisasjon

Kaninpandemi

Dyrisk

Veterinær Arve Nilsen tek for seg utvalde veterinærspørsmål. Denne artikkelen stod i vekeavisa «Dag og Tid»1. oktober 2021.

Kaninar er populære kjæledyr her i landet. Dei er ikkje tilpassa eit fritt liv i norsk klima, men nokre stikk av frå eigarane, andre blir berre sleppte ut når ungane i familien ikkje bryr seg om dei lenger.

Langs kysten av Sør-Noreg finst det difor nokre få koloniar med ville kaninar, blant anna utanfor Stavanger, ved golfbanen i Kristiansand og på Gressholmen i indre Oslofjord. Dei lever eit fritt, men hardt og kortvarig liv med kalde vintrar og stadig fare for angrep frå rev eller rovfugl.

Det er i slike kaninflokkar vi no har fått utbrot av smittsam gulsott i Klepp kommune i Rogaland. Dette er ein virussjukdom som gjev alvorlege leverskadar. Det er først og fremst kanin og nokre artar av hare som blir råka. Sjukdommen er ikkje påvist hos menneske. Tamme kaninar kan vaksinerast mot denne leverbetennelsen, medan dei dyra som lever ute i naturen, er fritt vilt for gulsottepidemien.

Ein kanin som er i ferd med å døy av virussjukdommen Myxomatose, med typiske skadar i huda på hovudet.

Foto: Richard Harvey, Wikimedia.

Kaninhistorie

Vi får på dette viset eit lite glimt av den lange og brutale historia om korleis kaninar og kaninsjukdommar er spreidde over heile verda, til ugagn for natur og næringsliv og ikkje minst med mykje sjukdom og liding for kaninane sjølve.

La oss først gå nokre millionar år attover i tid: Det var den tida det tok å utvikle naturlege ville bestandar av kanin i Europa, Afrika, Asia og Amerika. Nokre stader blei ville kaninar ein viktig del av den lokale faunaen. Men etter kvart som menneska utrydda rovdyra og samstundes tok med seg kaninane som husdyr til nye land og kontinent, kunne dei ville kaninane formeire seg fritt, og dei blei eit problem for gardbrukarar og hageeigarar.

Gulsotten som no drep kaninar i Rogaland, er eit utbrot av ein menneskespreidd kaninpandemi.

Særleg ille gjekk det i Australia og New Zealand, der britiske nybyggjarar importerte ville kaninar tidleg på 1800-talet. Dei første kaninane døydde ut, men etter fleire forsøk klarte dei endeleg å få kaninane til å trivast og formeire seg i naturen - med store negative følgjer for natur og dyreliv. Import av rev for å halde kaninane under kontroll var ingen suksess, mest av alt førte det til rask utrydding av mange av dei små, bakkelevande fuglane og pungdyra.

Myxomatose

Etter to verdskrigar, kan hende oppmuntra av all den effektive drepinga av menneske, føreslo føretaksame og framtidsretta forskarar den endelege løysinga på problemet: biologisk krigføring. Kaninane på det amerikanske kontinentet hadde ein virussjukdom (myxomatose-virus) som dei var godt tilpassa, men som var svært smittsam og dødeleg for dei europeiske (og australske) kaninane.

Myxomatose gjev omfattande skadar i huda, sviktande immunforsvar og hos hanndyra kraftig betennelse i testiklane. Dyra døyr ofte etter eit par pinefulle veker, med opphovna hovud og verkjande, attklistra auge som vanlege symptom.

Amerikanske virus vart poda ut til ville kaninar i Australia, men diverre med varierande «suksess» i ulike delar av landet. Sjølv med utsetjing av nye og meir smittsame virusvariantar og med innføring av europeiske kaninlopper (eit ganske desperat tiltak) som skulle få fart på spreiinga av viruset, fekk dei ikkje redusert kaninbestanden i så stor grad som forskarane hadde håpa. Eksperimentet med å setje ut virus vart likevel rekna som så fagleg interessant at dei gjorde det same i Europa nokre få år seinare, denne gongen med ein litt meir gradvis og langvarig reduksjon av kaninbestandane som resultat.

Ny pest – nytt håp

I 1995 kom det eit utbrot av smittsam gulsott blant dei ville kaninane i Sør-Australia. Sjukdommen vart første gong oppdaga i Kina i 1984 og hadde etter det spreidd seg til store delar av verda gjennom handel med kjøt eller levande dyr.

Oppmuntra av dei høge dødstala bestemte styresmaktene i Australia og New Zealand seg for å spreie sjukdommen aktivt. Nok ein gong spreidde pesten seg snøgt og brutalt, og etter kort tid var 80 til 95 prosent av kaninane i Australia daude. Slik har det halde seg i dei tørraste områda, men i område med mildare og våtare klima har kaninane klart seg betre.

Grenselaust

Gulsotten som no drep kaninar i Rogaland, er med andre ord eit utbrot av ein menneskespreidd kaninpandemi som råkar kaninar som i utgangspunktet ikkje skulle vore sleppte fri i naturen. Naturforvaltaren og Mattilsynet meiner dette er dyreplageri, men har ikkje ressursar til å fange inn dei villfarne kaninane. Som ei kort fagleg og moralsk oppsummering kan vi difor slå fast (minst) tre ting vi kan lære av denne historia.

For det første: Når vi tuklar med naturen og flyttar artar og sjukdommar mellom land og kontinent, kan vi få uopprettelege skadar på dei opphavlege økosystema.

For det andre: Når vi oppdagar kor ille dette går, freistar vi ofte å bøte på problema med å gjere meir av det same - noko som er temmeleg nær definisjonen Albert Einstein hadde av galskap.

Og til slutt: Om flytting av dyr over landegrenser kan føre til mange problem, kan det vere endå større grunn til otte over den grenselause vanvørdnaden mennesket har for ville dyr og lidingane deira.